Bli med på nyttårsfeiring med UKS og IUF

Nyttårsafta blir det nok ei EPISK nyttårsfeiring med UKS og IUF oppe på Leirvik Bedehus!

Me byrjar kl 20:00 og det varer til kl 03:00.

Dersom nokon berre vil vera med etter midnatt kan dei melda seg på halv kveld.

Prisen er 250,- (heil kveld) og 150,- (halv kveld).

Arrangementet er rusfritt, og er for ungdommar frå 8. klasse og oppover.

Det blir god mat med koldtbord og kakebord, underhaldning, leikar og masse god stemning!

Kvart over 11 går me tradisjonen tru på midnattsgudsteneste i Stord Kyrkje.

Fem på tolv går me ut og ser på rakettar, og klemmer inn det nye året!

Me har kjøpt inn fyrverkeri, og du kan ikkje ta med eige uten avtale. Alle må bli henta når dei skal heim, eller gjera avtale med oss på forhånd for å forlata festen.

Ta kontakt dersom du treng hjelp med heimtransport.

Håper DU kjem!! Ta på finkle og godt humør!

Påmelding på denne linken: https://forms.gle/kEyh1CbjXzxCctML7

Ta gjerne kontakt med Johny på mob 90664877 dersom du lurer på noko.