BLI MED PÅ TUR – ONSDAG 21. MAI 2025

På den vesle øya Helgøy i Årdalsfjorden bur storfamilien Helgøy.

Øya er kjent for å vera fruktbar på eple, pærer, plommer, moreller – og barn! På dei to fruktgardane er det planta om lag 40 000 frukttre etter det moderne tettplantingsprinsippet. Frå blomstringa i mai og til dei siste eplene blir hausta i slutten av oktober er det hovedsesong.

Opplevingane er mange og varierte for både auger, luktesans og ikkje minst for smakssansen.

Buss
kl.08.10 frå Rommetveit
Kl.08.15 Haga
Kl.08.20 Hystad
Kl.08.30 Leirvik
Kl.08.35 Bjelland v/ Rema 1000
Kl.08.40 Heiane v/Jysk
Kl.10.20 til Nedstrand ferjekai
Kl.10.30 Guida båttur i Ryfylkebassenget på veg til Helgøy.

Truleg vert Jon Arne Helgøy guid.

Kaffi og rundstykke på båtturen.

Anne Norunn tek imot oss på Helgøy med omvisning i Eplehagen. Ho fortel også den gripande historien om livet på Helgøy. Høve til å handla i gårdsbutikken.

Kl.13.00 Middag med kaffi og dessert på Epleriet.

Heime på Leirvik ca.kl.18.00.

PRIS kr. 1800,- (ved min.35 påmeldte deltakarar).

Bindande påmelding innan 24.april til:

Rasmus Hatlevik tlf. 90873959
Jakob Thormodsæter tlf.97073091

ARR: «Vi over 60»

Leirvik bedehus kontonr. 3520.60.78330